Hovedsamarbeidspartnere:
Fjordhest-NM 2016

Fjordhester av gull

NM-meistar for junior Grete Elise Sefland og Vesleljosen og NM-meistar for senior Isabell Engjaberg Øye og Brautar. (Foto: Inger Grønntun)
NM-meistar for junior Grete Elise Sefland og Vesleljosen og NM-meistar for senior Isabell Engjaberg Øye og Brautar. (Foto: Inger Grønntun)
(11.07.2016) Ekvipasjer fra hele Norge tok turen til Førde for å konkurrere i norgesmesterskapet for fjordhesten forrige uke. Lørdag ble tre gullmedaljer ble utdelt, i tillegg til at vinnere i unghestklassene og grenmesterskapene ble kåret.  
Greinmeister i dressur Ida-Elin R. Sunde med Kuling. (Foto: Astrid Marie Årdal)
Greinmeister i dressur Ida-Elin R. Sunde med Kuling. (Foto: Astrid Marie Årdal)
Tekst: Inger Grønntun/Kjellfrid Støylen
Foto: Inger Grønntun/Astrid Marie Årdal

Seks flotte dagar på Mo jordbruksskule i Førde er til endes, og vi kan sjå tilbake på ei veke med mykje spenning, action og glede. Midt i den vakre vestlandsnaturen har 134 ekvipasjar konkurrert i dressurriding, køyring, sprang og feltritt. Fjordhesten er ein allsidig rase, noko som har komme svært godt fram desse dagane. NM vart i år arrangert for trettiande gong, og stemnet har utvikla seg mykje gjennom tidene. Nivået og kvaliteten er stadig aukande. Dette ser ein kanskje  spesielt godt i dressuren og køyringa, men vi finn også nokre gode sprangponniar innafor rasen. NM er eit stort stemne, som set høge krav til arrangøren, og det går difor på omgang mellom ulike rideklubbar. Dermed fordeler ein den store dugnadsbyrda, og dei fleste fjordhestfolk vil frå tid til annan oppleve å ha NM i sitt nærområde. 

Folkeliv og hestefest
Ein av stemneleiarane, Harald Løtuft, fortel at alt har gått ganske så knirkefritt denne gongen, med noko smårusk som ein håpar berre arrangørane har lagt merke til. Ein har fått gode tilbakemeldingar frå folk flest og frå deltakarmøtet som vart helde, og dette tek ein med seg vidare. Det har vore mange gode opplevingar i veka som har gått. Løtuft fortel vidare at det er spesielt kjekt at det har vore mellom fem hundre og tusen besøkande på plassen kvar dag, noko ein har sett igjen i kiosksal og publikum ved banene. På eit så stort område får ein fordelt folk godt utover, slik at alle får sett det dei vil, og har god plass til å sitte og kose seg. -Fantastisk folkeliv og hestefest, legg Løtuft til. I tillegg har drifta av stallane fungert utmerka, slik at hestane har hatt gode tilhøve for å kvile mellom klassane. Det viktigaste på så store hestestemne er trass alt at hestane har det bra. 

Når det gjeld utfordringar med å arrangere store stemne, peikar Løtuft på at det er mykje arbeid. Som stemneleiar går dagane frå klokka fem om morgonen til klokka eitt på natta, og det seier seg sjølv at det blir lite søvn. Det er alltid underskot på dugnadsfolk, ein skulle alltid hatt fleire, men samtidig er det arbeid som dukkar opp der og då som ein berre må få unna, og då gjer ein det fort sjølv. Dugnadsfolka har gjort ein flott jobb, og det har vore veldig greitt å ha tre stemneleiarar som har delt arbeidet mellom seg. På den måten har arbeidsoppgåvene vore fordelt etter interesse og eigenskapar, samtidig som at det er relativt klåre ansvarsområde. Løtuft har i tillegg til å vere stemneleiar starta med to av hestane sine, og fortel at dette har vore utfordrande, men med særs god hjelp av hestepassarar og frivillige har han fått lov til å fokusere på trening og stemneansvar. Som leiar i Sunnfjord Fjordhestlag ser Løtuft godt kor viktig det er at fjordhesten blir vist fram på ein slik måte. Dette aukar marknadsverdien og etterspurnaden etter denne fantastiske rasen. Store stemne er viktige for inspirasjonen til ungdommane, og for å ha eit tydeleg mål å trene mot.

Mangfald og godt miljø
Fjordhest-NM samlar hestefolk i alle aldrar, frå dei unge juniorane på rundt 15 år, og til «veteranar» som har helde på med hest i ein mannsalder og vel så det. Dei fyrste dagane las speaker Lars Haakon Nesse opp informasjon om hestar og ryttarar/kuskar da dei kom inn på bana, og det er overraskande mange som har helde på med hest i både tjue og tretti år. Ein fann til og med att ryttarar som deltok på den aller fyrste nasjonale meisterskapen for fjordhest i Førde i 1986, og dei kvidde seg slettes ikkje på å frese rundt sprangbana no i helga. Vi let oss elles imponere stort av 15-årige Irja Vågene Stølen som starta full middels køyreklasse med tospann, og den fine kontrollen ho hadde over hestane i maratonløypa. 

Det såg elles ut til at alle kosa seg stort. Overdommar Tone Løken uttalte det slik: «Stemnedeltakarane tar vare på kvarandre og hestane på ein slik måte at jobben som overdommar blir lett». 

Det gode miljøet vart trekt fram av fleire. Alle helsa og smilte, og heiarop, applaus og lykkeynskingar sat laust. Ein var slettes ikkje berre opptekne av dei frå sin eigen klubb. Samhaldet blant fjordhestfolk ser ut til å vere godt, og grunna sosiale medium veit veldig mange om kvarandre før dei møtast. 

Mykje trening ligg bak
Når det gjeld prestasjonar, er det mange vinnarar som skal kårast på NM for fjordhest. Å bli Norgesmeistar i senior- og juniorklassa er gjerne det aller gjævaste, men det er også NM-klasse for lag, og greinmeisterskap i dressur, køyring og sprang, for dei som har spesialisert seg på einskildgreiner. Vidare har ein dei siste åra premiert «Beste Unge Fjordhest», med eigne klassar for fireåringar, femåringar og seksåringar. Dette gir motivasjon til å trene fram unghestane. Ved å trekke fram og premiere oppdrettarane av vinnarhestane, vert også dei som avlar fjordhest inspirerte til å få fram gode individ, og å selje dei til nokon som ynskjer å satse. 

Fjordhesten har mange kvalitetar, men bak dei beste prestasjonane på NM ligg utallege treningstimar. Seniorvinnar Isabell Engjaberg Øye fortel at det å trene jamt og trutt, og i tillegg greie å spisse forma i alle dei tre øvingane, er hemmelegheita bak suksessen. Spesielt det å finne forma i dei tre greinene dressurriding, sprangriding og køyring er spennande. Isabell er glad i dressurriding, og blir trena av Silvia Førde. I tillegg rir ho sprang to gongar i veka, og brukar spesielt vårparten til køyring. I tillegg er turriding i skogen og variert terreng god trening for hest og ryttar. 

Juniorvinnar Grete Elise Sefland seier at det var veldig gøy å vinne NM. Hesten ho rir, Vesleljosen, er til vanleg skulehest ved Stend vidaregåande skule, og er ein veldig god hest som gjev alt i konkurransar. Det er imponerande å oppleve allsidigheita til fjordhesten. Dei same hestane som briljerer i NM, vert ofte brukt i alt frå rideskule, gardsarbeid og oppdragskøyring, til handikapriding, skogsarbeid, og mykje meir. Fleire av hestane som starta på NM-veka er også avlshingstar midt i sesongen, og nokre gjekk rett frå sprangriding laurdag, til bedekking same kveld. Tilbakemeldingane frå publikum, deltakarar, dommarar og funksjonærar til arrangøren har vore svært positive, og vi kan vel elles alle vere einige i speaker sine ord: «Noko av det finaste ein kan sjå er så mykje fjordhestar på ein plass». 

NM fjordhest 2016 photo IMG_1484-A_Harald_zpskzkxpomw.jpg
Greinmeistar i køyring Harald Løtuft og Finslands Norgrima. (Foto: Inger Grønntun)

NM fjordhest 2016 photo IMG_2687-A-Irja_zpshdbaofnp.jpg
Det einaste tospannet i NM, 15-årige Irja Vågene Stølen med Sylvester Berger og Svingens Edda. (Foto: Inger Grønntun)

NM fjordhest 2016 photo IMG_0224-Harald Loslashtuft_zpsamvnvw7l.jpg
Stemneleiar Harald Løtuft i fint driv på presisjonsbana med Finslands Norgrima. (Foto: Inger Grønntun)


NM fjordhest 2016 photo IMG_9634-A-Grete Elise_zpslarmklqm.jpg
Juniornorgesmeister Grete Elise i presisjonskøyring. (Foto: Inger Grønntun)

NM fjordhest 2016 photo IMG_7722-Trine_zpsng35jkkj.jpg
Greinmeister i sprang Trine Lillestøl Paulsen med Fannemels Argon. (Foto: Astrid Marie Årdal)

NM fjordhest 2016 photo IMG_6043-Isabell_zpsmjdfbcnz.jpg
Seniornorgesmeister Isabell Engjaberg Øye rir dressur. (Foto: Astrid Marie Årdal) 

Resultat

Vinnarar av Fjordhest-NM Senior 2016
Gull: Isabell Engabjerg Øye med Brautar
Sølv: Cassandre Bach-Gansmo med Flemming
Bronse: Liv Jorunn Nyhagen med Pokemann

Vinnarar av Fjordhest-NM Junior 2016
Gull: Grete Elise Sefland med Vesleljosen
Sølv: Lene Bergum Pavenstadt med Engsgutten Storm
Bronse: Ane Erdal Byklum med Jakobgardens Vesla

Vinnarar av Fjordhest-NM Lag 2016
Gull: Førde Køyre og Rideklubb – Emma, Harald og Trine
Sølv: Oslo og Akershus Fjordhestlag – Stine, Mia og Cassandre
Bronse: Eid Ride og Køyreklubb Annifrid, Liv Jorunn og Miriam

Vinnarar av Fjordhest-NM 4-års BUF 2016
Nr. 1 Maren Vevatne med Nesviks Liana
Nr. 2 Mathilde Strand Johnsen med Von Tor
Nr. 3 Aina Benedicte Huseby med Blåtopps Aria

Vinnarar av Fjordhest-NM 5-års BUF 2016
Nr. 1 Tone Kvaale med Severin
Nr. 2 Linn-Melissa Krange med Maysas Varg Veum 
Nr. 3 Ingebjørg Ådnegard med Åsa Vilja

Vinnarar av Fjordhest-NM 6-års BUF 2016
Nr. 1 Nina Fejerskov med Torset Daysy
Nr. 2 Maia Endresen med Nesviks Lano
Nr. 3 Malin Berg med Hauglands Helmik

Vinnar av greinmeisterskap køyring 2016
Nr. 1. Harald Løtuft med Finslands Norgrima

Vinnar av greinmeisterskap dressur 2016
Nr. 1. Ida-Elin R. Sunde med Kuling

Vinnar av greimeisterskap sprang 2016
Nr. 1. Trine Lillestøl Paulsen med Fannemels Argon
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]