Hovedsamarbeidspartnere:
Helgens nasjonale stevner

Generalprøve før NM

(14.06.2016) Sandnes og Jæren Rideklubb står som arrangør av årets NM i Voltige som braker løs om 83 dager. Denne helgen arrangerte klubben en generalprøve som ble en stor suksess. 
Tekst og foto: Ester Mossige (SAJÆ)

Sandnes og Jæren Rideklubb har grunn til å vera stolte av voltigestemnet dei arrangerte 83 dagar før NM, som er 3-4 september. Voltigemiljøet i Rogaland veks i rekordfart og dei hadde til stemnet påmeldt 69 startande frå 3 klubbar. Sandnes og Jæren Rideklubb har hatt voltigetilbod i om lag fire år, medan Stall Friheten og Rogaland Rideklubb er nykomarar.

Arrangementet var ein generalprøve til NM, og det er mykje ein skal lære av regler, kiosk, premier, klasseinndeling, utrekning av protokoller, musikkfiler, speaker, oppstalling av hestar, HorsePro, hestevelferd og så vidare. 

På stemnet var det deltakarar på alle nivå, frå E-program på tønne til 13 startande i A-program. Spesielt kjekt var det at fleire utøvarar, longørar og hestar kvalifiserte seg til NM.

Anna Mossige frå Sandnes og Jæren Rideklubb, som nettopp er tilbake frå USA der ho har trena og konkurrert, tok både fyrste- og andreplassen med hestane Roderik og Lady. Longøren Hanna Haaland gjennomførte longeringskurs same helg, og gjekk heilt til topps med to hestar. Beste hest blei Dalbæks Laguna, som vert brukt i sprang av Kaia Hegre. Familien Hegre stiller med to private hestar til voltigen, noko som har gjort det mulig for utøvarane å nå så langt. Gode hestar og gode hestekarakterar er avgjerande for sporten.

Longering er kanskje den delen av sporten som får minst omtale, så det var ekstra kjekt å ha med fem nye longørar. I tillegg til Hanna Haaland var Marie Ovedal Birkeland (SJR), Mona Rosland(SJR) og Frauke Hammer (FRIHETEN) ute i volten og fekk prøvd sine ferdigheter. Anne Mathilde Laland Hystad (ROG) blei også kvalifisert, men var utøvar i A-program og måtte denne gongen fokusere på tevlinga. Takk til kurshaldar Mari Viko for lærerikt og godt gjennomført kurs og hjelp på stevnet!

Oda Grødeland Braut (SJR) med hesten Thorvald og longør Cassandra Maria Housken (ROG), vann C-program framfor Tage Øverland(ROG). Han var den einaste guten på dette stemnet, med same hest og longør som Oda.

Frå arrangørsida var dette ei nyttig og kjekk oppleving, og me er klar for å ta fatt på NM arrangementet. Me vil takke Marit Walløe som har losa oss gjennom førebuingsfasen. Ho sat fire timar i strekk på stemnet for å dømme voltigørar, hestar og longørar.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]
Koronainfo


123 movies