Hovedsamarbeidspartnere:

Edelt metall til norske ekvipasjar

Det norske sølvlaget i lagkonkurransen; Annike Mikkelsen og Roselise, Aina Huseby og Sylvar og Synne Torp Halvorsen og Torp Kaia.  
Det norske sølvlaget i lagkonkurransen; Annike Mikkelsen og Roselise, Aina Huseby og Sylvar og Synne Torp Halvorsen og Torp Kaia.  
(10.08.2015) 23.-26. juli reiste ein norsk delegasjon til Vaggeryd i Sverige for å konkurrere om heider og ære under Nordisk meisterskap for fjordhest.
Bronsemedaljør i Nordisk køyring; Kristine Koller og Fossumbirken
Bronsemedaljør i Nordisk køyring; Kristine Koller og Fossumbirken
Bronsemedaljør i Nordisk dressur; Annike Mikkelsen og Roselise.
Bronsemedaljør i Nordisk dressur; Annike Mikkelsen og Roselise.
Tekst og foto: Liv Jorunn Nyhagen

Sjølv om gullmedaljane uteblei, vart det levert fleire sterke prestasjonar Tre bronse og eitt sølv vart med heim.

Noreg stilte med ni ryttarar og ti hestar, samt ein fyldig heiagjeng. Dei norske ekvipasjane var delt inn i tre lag, som skulle konkurrere mot to danske, tre svenske og eitt finsk lag i lagkonkurransen. Her skulle ein altså ikkje berre prestere individuelt, men også saman med andre. Noreg hadde elles fire ekvipasjar i nordisk allround, tre i nordisk sprang, to i nordisk dressur og tre i nordisk køyring.

Dei norske deltakarane under årets Nordisk:

Lag 1
: (5. plass)
Cassandre Bach-Gansmo/Flemming (16. plass nordisk sprang)
Kristine Koller (bronse nordisk køyring)
Liv Jorunn Nyhagen (5.plass nordisk allround/21. plass nordisk dressur)

Lag 2
: (7. plass)
Ingrid Modalen/Ryttergårdens Herkules (9.plass nordisk sprang)
Merete Louise Sandem/Tord (6.plass nordisk køyring/9.plass nordisk allround)
Sylvia Langeland/Freddi (bronse nordisk allround)

Lag 3
: (sølv)
Synne Torp Halvorsen/Torp Kaia (9.plass nordisk sprang)
Aina Huseby/Sylvar (8.plass nordisk køyring)
Annike Mikkelsen/Roselise (bronse nordisk dressur)

I tillegg stilte Annike Mikkelsen med Blåtopps Aaron (7. plass nordisk allround)

Alle deltakarane og deira medhjelparar hadde ein sosial og kjekk tur, der det vart tid til mykje meir enn berre å konkurrere. Hesteutstyrsshopping i Jönköping og lange grillkveldar var mellom aktivitetane som vart sett stor pris på av den norske delegasjonen. Under avslutningsseremonien vart ”stafettpinnen”, i form av kjepphesten ”Blåbär”, sendt vidare til Noreg. Nordisk 2017 vil såleis finne stad i moderlandet til fjordhesten, men tid og stad er enno ikkje avgjort. For dei som ikkje har lyst til å vente så lenge med å møte utanlandsk konkurranse, så kom danskane med ei gladnyheit under Nordisk: allereie neste år, i 2016, er det planer om å arrangere Europameisterskap for fjordhest i Danmark. Då er det berre å legge seg i hardtrening folkens!

For fullstendige resultatlister, sjå www.fjordsm2015.se eller Fjordhäst NM och SM 2015 på Facebook.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]